Kva har du i sekken?

Langt dei fleste har vakse opp med skuleturar, kanskje eit leirskuleopphald og sundagsturar i heimen om ein var riktig heldig. Men kven pakka sekken den gong da?

Tippar det var mor eller far som sto for den gjerninga, ingen ting mangla og sekken var akkurat passe tung. Men, når ein står der sjølv og skal pakke fornuftig og ikkje gløyme noko kan det vera greit med nokre tips på vegen.

Nå skal vi kose oss!

Det hjelp lite å annonsere kollektiv kos når øyro er illraude av den sure vinden og dei to brødskivene var oppete på fyrste matpausa. I bekken du sit attmed renn det forresten berre brevatn og. Nemnde eg at poden tråkka i den fyrste og beste fjellbekken han møtte på og har sidan hatt fulle sko med friskt, kaldt fjellvatn? Kva du har putta i sekken på førehand er sjølvaste premissleverandøren for om det vert kos og ei god oppleving for deg, for dykk og resten av fylgjet.

Galdhøpiggen og snødekt Styggebreen

Kva tur skal du på?

Fyrst av alt må ein ha klart for seg kva type tur ein skal på. Kva utstyr vi treng avheng i stor grad av kva tur vi skal ut på t.d. grottetur, bretur, topptur eller overnattingstur. Mange turar krev spesielt utstyr eller klede medan andre ikkje gjer det. Under listar eg opp nokre punkt som kan vera greie å gå igjennom før og under pakkinga:

  • Type tur? Treng eg noko spesielt?
    • Om du har bestilt tur med oss vil du få tilsendt ei liste over ting du bør ha i sekken og tips om kva klede du treng på den aktuelle turen.
  • Varigheita av turen?
    • Formiddag- eller ettermiddagstur? Heildagstur? Overnattingstur? Svaret på dette vil påverke både kor mykje mat, drikke og kleskift du treng å ha med i tillegg til evt. spesialutstyr som telt/lavvo osb.
  • Årstid?
    • Vårtur? Sommartur? Hausttur? Vintertur? Årstida styrer i stor grad kva klede me treng i mange høve. Når det er sagt vil det alltid vera ein god regel å ha med lue+votter på tur i høgfjellet sjølv midt på sommaren i Jotunheimen. Når du vurderar dette punktet bør du og ta med i reknestykket om turen skal gå føre seg i høgfjellet eller i skog- og mark. Alltid sjå på vêrmeldinga og hugs på at den er nettopp ei prognose – IKKJE ein fasit. I høgfjellet skiftar vêret brått og gjerne til noko heilt anna enn det vêrmeldinga spådde.
  • Kor mange pakkar du for?
    • Pakkar du for deg sjølv tek du utgangspunkt i dine behov for den turen du skal ut på. Pakkar du for fleire må behov til dei du også pakkar for vera med i vurderinga. Har ein barn med på tur er sjansane for at ekstra kleskift nr. 2 kan koma i bruk store.
  • Mat og drikke?
    • Vi er oss sjølve nærast og veit utmerket godt kor mykje mat og drikke vi treng i løpet av ei dag. Men det er ein vanleg dag. På tur vil vi alltid ha behov for meir mat og meir drikke. Slik er det berre. Å vera i aktivitet forbrukar mykje energi som må erstattast, kroppen treng mykje drikke for å halde væskebalansa og for å drive den forhøga stoffomsettinga. Plar du ete 3 skive med pålegg på eit måltid bør du rekne minst det dobbelte på tur per måltid, og alltid ha med ekstra i tilfelle rottefelle. Om noko hender og turen vert lengre enn planlagd er det viktig å ha mat og drikke nok til å takle dette.
    • I høve drikke er det viktig å tenkje over kva område turen skal gå i. Som nemnd i innleiinga er ikkje alt vatn drikkevatn – ein må difor vite om det er mogleg å fylle på tomme flasker undervegs på turen eller om ein må ha med alt frå start. Dømet mitt om brevatn er noko vi alltid gjer merksam om på bretur, då det slett ikkje ser farleg ut der det renn. Sanninga er at brevatn innheld nesten alltid biologisk materiale frå overflata av breen, gjerne både frå døde lemen og avføring frå hjortedyr (rein, elg osb.). I tillegg kjem svært fine partiklar av leire, sand og grus som i dei fleste høver kan gje deg ein dag på ramma.
Bøverbreen og taulag

Sekken er full!

Ein litt slunken sekk er ofte eit teikn på at ein har gløymt noko viktig, med mindre du har pakka fornuftig for ein kort tur i ein alt for stor sekka. Ein full, på grensa til sprengd sekk kan vera to ting; for liten sekk ELLER for mykje og unødige ting. Her må nemnast ungdommen på leirskule som insisterte på at boomblasteren var nødvendig på tur til Galdhøpiggen. Det var den ikkje – og den var i tillegg tung og slitsam å drakse på i steinurda. Tippar han ikkje gjorde same vurderinga seinare.

Dersom du har pakka for deg sjølv; ta ut alt og sjå godt over innhaldet. Sjekk lista di, vurder på ny alt du har oppi att. Treng du ei pakke sukker til teen eller kan du greie deg med nokre ss i ein liten plastbehaldar? Kan du redusere volumet på noko? Klede tek ofte mindre plass om du legg dei i ein ziplock-pose og pressar ut lufta før du lukkar den. Om det framleis er fullt og ikkje alt får plass har du nok for liten sekk for den turen du skal ut på.

Er dykk fleire som skal på tur i lag kan det vera eit godt råd å samtale kring pakkinga. Alle må ikkje ha med det same utstyret, dersom dykk kan dele eller brukar det ilag.

4-åring på tur med eigen sekk!

Har du pakka for eit eller fleire barn i tillegg til deg sjølv kan du godt vurdere å la barnet bere ein liten sekk sjølv, det har ikkje barnet vondt av så lenge det er tilpassa barnet sin alder og funksjonsnivå elles. Dei aller fleste barn tykjer det er stas å få bere eigen sekk! Her kan skulesekken duge heilt utmerket. Det er mykje god lærdom i å bere eigen sekk, barna klarar meir enn vi ofte trur.

Heilt til slutt

Pakking av sekk er sjølve fundamentet som turopplevinga di skal kvile på – ta deg god tid og tenk igjennom alt du legg i sekken. Spør nokon som har vore på den turen før eller søk opp informasjon om akkurat den turen om du må. Det vil du vera glad for i ettertid.

God tur!