Fotograf Merete Byre-Haakensen

Reisa hit

Lom kommune ligg nordvest i Innlandet fylke, med grense mot Vestland. Du kan seie me ligg i hjartet av sør-Norge, med nær lik avstand frå Bergen, Trondheim og Oslo.

Kjem du frå Innlandet, Viken og den sørlege delen av Norge er det vanlegvis E6 gjennom Gudbrandsdalen som er hovedfartsåra. Ved tettstaden Otta i Sel kommune forlet dykk E6 og fortset inn på Rv15 mot Lom og Stryn. Alternativt kan ein køyre Valdres nordover på Fv51 over valdresflya ned til Randen i Vågå Kommune og fortsetje vestover på Rv15 mot Lom.

Frå Bergen tek du vegen om E16 og Rv13 til Sogndal, så vidare mot Lom via Fv 55 Sognefjellsvegen. Tilreisande frå Trøndelag knyter seg E6 sørover mot Otta i Sel kommune og fylgjer frå der Rv15 vestover mot Lom.

Uansett kva veg du kjem vil reisa hit vera ei oppleving i seg sjølv, ikkje berre vakre fjellovergangar men og den vakre og tradisjonsrike Gudbrandsdalen har mykje å by på av kulturlandskap og sjåverde undervegs!