Pakkliste tur med Aktiv i Lom

Ein godt pakka sekk er halve turen! Ver både realistisk, pessimistisk og kristisk når du pakkar sekken, så er du betre budd på både » leitt og løyle».

Generelt: Vel ein sekk du er kjend med, eller vert godt kjend med ny sekk før du tek den på fyrste turen. Barn kan godt bere ein liten sekk sjølve med drikke og niste/sjokolade, det er god lærdom. Utstyr som de får låne på tur med oss t.d. bretur, grottetur og Galdhøpiggtur må de ha stor nok sekk til å bere til/frå sjølve.

Basisting vi må ha i sekken er:

Ekstra klede, både innerste laget og ytterklede. Vindtett og evt. regnklede. Ull innerst er best.

Lue og vottar. Vêret snur fort og ein solskinnsdag kan fort verte sur og kald.

Mat og drikke for ein dag ute og gjerne litt ekstra.

Toalettpapir og poser til å bere heim evt. avfall.

Solkrem og gnagsårplaster o.l.

Sitjeunderlag

Ved skitur må naudsynt utstyr knytt til ski vera med her; feller, sportstape, skredutstyr (sendar/mottakar, spade og søkjestang)

Ekstra utstyr som kan vera greit er:

Gåstavar.

Sjokolade/nøtter

Strømbank o.l. om du veit du kan få bruk for dette.

Hovudlykt

Kva du har på deg:

Ull eller anna innerst mot kroppen. Ein stillongs er aldri feil, den kan takast av.

Mellomlag, ei lett jakke eller liknande.

Ytterklede – kan starte dagen i sekken om vêret er varmt. Shorts er fint på fine vêrdagar, men vi tilrår ikkje shorts på bretur. Ytterklede som tålar ein trøkk eller er litt ødelagt frå før er supert på grottetur.

Ullsokkar er best, men andre sokkar som sit godt på foten dug og.

Gode sko som er inngått frå før, helst fjellsko med stiv og mønstra såle.

Solbriller.

Gnagsårplaster om du ofte får slike plager.

Solkrem på før turstart.

Velkommen med på tur med oss!