Her finn du oss
I hjartet av Fjell-Noreg – midt mellom aust og vest ligg Lom kommune. Blant fleire nasjonalparkar, parlause kulinariske tilbod og vakre overnattingsstadar driv vi aktivitetsfirmaet Aktiv i Lom AS.
Forutan skiturar, toppturar, grotteturar, bretur og fotturar kan me by på aktive dagar i Galdhøpiggen klatrepark, Lom aktivitetspark og Prestfosstraversen zipline. Eller freistar kajakk og kano på Ottaelva?
På kartet under finn du dei tre aktivitetsstadane våre merka av; Prestfosstraversen og Lom aktivitetspark i Lom sentrum og Galdhøpiggen Klatrepark sørvest i Bøverdalen. Klikk på markeringa for å få opp vegbeskriving:
Les gjerne om dei ulike aktivitetane om du tenkjer å besøkje oss – då vil du finne praktisk informasjon og tips til klede og utstyr!
Sjå og våre ofte stilte spørsmål
Alle årstider har noko vakkert med seg i fjellheimen – vi tek deg gjerne med på tur og deler opplevinga!
Velkomne til Aktiv i Lom!