Toppturar
Vårskiturar i Jotunheimen er ei oppleving ein berre må få med seg.
For å få den beste opplevinga er det viktig å vera best mogleg førebudd på det ein skal ut på.
Er du ukjent i området, er du ny i gamet eller kjenner deg usikker på om du bør gå turen utan kjentfolk med tilrår vi på det sterkaste at du bestiller deg guida tur med ein lokal leverandør av slike tenester.
For alle våre guida turar under er fylgjande utstyr generelt tilrådd:
- Skiutstyr som er kjent og i orden
- Skredsøkjar (sendar/mottakar), søkjestang og spade. Ver kjent med dette utstyret før tur.
- Vindtette ytterklede
- Basislag og mellomlag klede, gjerne ull og fukttransporterande materiale
- Sikringsmiddel for kryssing av breområdet, der dette er spesifisert i turbeskriving
- Isøks, stegjern, skarejern kan vera aktuelt på enkelte av turmåla
- Godt med mat, varm- og kald drikke for ein lang dag på tur
- Vottar, lue, buff/skjerf. Gjerne skift i tillegg.