Kjøpsvilkår

Under finn de informasjon om kjøpsvilkåra som gjeld for Aktiv i Lom samt informasjon om forsikring, utstyr og anna som er greit å vite før ein bestiller seg tur eller aktivitet!

SMITTEVERN

Som fylgje av det pågåande korona-utbrotet skal smittevern og førebyggande tiltak ligge i botnen
for all vår aktivitet. Vi rettar oss difor etter fylgjande:

  • all aktivitet og kommunikasjon i samband med tur føregår utandørs
  • maks. deltakartal på ulike turar, gjerne ei gruppe som elles omgåast
  • minimum 2 meter avstand mellom deltakarane gjennom heile turen
  • ved symptom på luftvegssjukdom eller mistanke smitte hjå nærpersonar, pålagd karantene eller
    isolasjon skal du ikkje møte opp til turen.

AVBESTILLING

Aktiv i Lom har to (2) vekers avbestillingsfrist. Om du avbestiller turen du har bestilt eller meldt
deg på seinare enn dette vil du verte fakturert 50% av prisen du opphaveleg skulle fakturerast.

Dersom du avbestiller turen ei veke (7 dagar) i forkant av turen vil du verte fakturert for heile
beløpet.
Dersom Aktiv i Lom lyt avlyse turen grunna sjukdom eller anna forfall hjå guide vil du ikkje verte
fakturert. Aktiv i Lom kan avlyse turen grunna dårleg værmelding, flom eller andre særskilde
værfenomen ( force majeure) utan at kunda får refundert fakturert beløp.
Aktiv i Lom tilbyr ikkje avbestillingsbeskytting, reise- eller ulykkesforsikring på våre arrangement.
Me tilrår at den einskilde kunda teiknar eigen reise- og ulykkesforsikring.
Avbestilling skal vera skriftleg og sendast post@aktivilom.no

FORSIKRING

Aktiv i Lom har ansvarsforsikring.
Kunda må ha eigen ulykke- eller reiseforsikring.
Guiden har ansvar for dykk medan de er på tur og hans/hennar autoritet må respekterast. Guiden vår
kan, dersom naudsynt, velje å avbryte turen og velje sikraste rute attende
til startpunktet. Om dette skulle skje, må kunda like vel betale for turen. Ved dårleg vêr vil vi alltid
forsøkje å finne alternativ turmål før ein tur vert avlyst/avbrote.
Aktiv i Lom sin guide har siste ordet ved alle spørsmål som dreier seg om tryggleik, behov for
helsepersonell eller lignande.
Aktiv i Lom brukar ikke signerte dokumenter, men kunden må like vel vera klar over at toppturar,
fjellskiturar, fjellvandring, brevandring og grottevandring inneber ein viss risiko. Når kunda har fått
dette dokumentet, er de enige om at de sjølv er ansvarlege for dykkar eigen tryggleik, og at
anbefalingar fra guiden må etterkomast.
Om eit uhell eller ulukke skulle skje er Aktiv i Lom sin guide ansvarleg for all kommunikasjon med
helse/politietat. Aktiv i Lom sine guider har basis fyrstehjelpsopplæring og forsikrar seg om at
kunda får riktig transport til næraste lege eller sjukehus.
Aktiv i Lom sin guide treng ikkje å fylgje kunda til lege eller sjukehus, men veljer sjølv om dette er
naudsynt i kvart høve.
Aktiv i Lom tolererar ikkje bruk av alkohol eller andre rusmiddel på sine turar. Kunder som er
synleg berusa eller på annan måte ikkje er eigna til å ta fornuftige avgjerder kan avvises frå
å vera med på turen.

TRANSPORT

Kunden må sjølv ordne transport om ikkje anna er avtala. Kunda har sjølv ansvar for å finne fram til oppmøtestaden etter den rettleiing som er gjeve anten per epost eller i informasjonen om aktiviteten.

UTSTYR

På breturar har Aktiv i Lom med det spesialutstyr som er kravd til kunda. Dette er oftast stegjern,
isøks, selar, hjelm og liknande.
Kuna har sjølv med eige, personleg utstyr som t.d. klede og mat/drikke.

MAT OG DRIKKE

Kunda må ha med mat og drikke til turen sjølv. Drikke tilrår me at ein tek med fra
heime/overnattingsstad. Det kan vera moglegheit for vannfylling på turen, men dette kjem litt an på
årstida og turmål. Ein bør ha med minst 1,5 liter drikke. Ein må óg ha med godt med mat tilpassa turen ein skal ut på.

BETALING OG LEIGE AV UTSTYR

Betaling av selve turen skal finne stad seinast ei veke før turdato. Betalinga skal helst gjerast via
faktura om dette er mest hensiktsmessig.
Ingen transport er inkludert om ikkje anna er avtala.
Bomvegar og parkeringsavgifter er ikkje inkludert i prisen, og må betalast av kunda sjølv.
Spesialutstyr til brevandring og grottevandring er inkludert i prisen.