Berekraft i praksis
I ei verd i endring må vi ikkje ta omgjevnadane og godene våre for gjevne – alle kan vi og må vi bidra til at også seinare generasjonar kan nyte av dei same godene og naturopplevingane som vi har no.
Som ein aktiv næringsaktør og brukar av naturen i området vårt legg vi stor vekt på å bidra til ei berekraftig utvikling; både for vårt lokalområde og i eit større perspektiv.
Berekraft i praksis inneber å ha fokus på og jobbe mot fleire mål, det er ein veg og ein prosess som vi skal gå – og vi treng å ha deg som gjest med på laget.
Med utangspunkt i FN’s mål for berekraftig utvikling ynskjer vi å vise korleis vi jobbar for å ha ei berekraftig utvikling av vår bedrift og det samfunnet og området vi er ein del av:
Bevaring av natur, kultur og miljø
Kulturell rikdom:
Vi vil ha med oss, dele og ivaretaka historia om fjellet som reise- og opplevingsmål.
Vi vil representere bygda, området vårt og lokale produkt med vyrdnad.
Naturmangfald:
Vi vil ivaretaka særpreget og tradisjonar knytt til byggeskikk og landskapet kring oss for noverande og kommande generasjonar.
Klimautslepp og klimatilpassing:
Vi vil syrgje for at biologisk mangfald i vårt området og områder vi nyttar vert ivareteke og ikkje forringa av vårt nærvær, gjennom informasjon og oppfylging.
Reint miljø og ressurseffektivitet:
Vi set opp turar og andre opningstider i størst mogleg grad i samsvar med oppsette og tilgjengelege kollektive rutetilbod.
Vi legg til rette for bruk av nullutslippskøyrety i den grad mogleg.
Vi oppmodar om samkøyring eller anna transportmoglegheiter som reduserar utslepp av miljøgifter.
Vi legg til rette for og informerar om tilgjengeleg kjeldesortering av avfall for både bedrifta og gjestar.
Vi informerar om og fylgjer opp om ei medveten haldning til gjestar sitt avfall på våre turar.
Styrking av sosiale verdiar
Lokal livskvalitet og sosiale verdiar:
Vi ynskjer å sysselsetja lokal ungdom og lokal arbeidskraft for å fremje lokal forankring og verdiskaping.
Vi ynskjer å sikre tilsette rettvis avlønning og trygge arbeidstilhøve.
Vi ynskjer å støtte lokale lag og organisasjonar til beste for lokalsamfunnet og den oppveksande slekt.
Lokal kontroll og engasjement:
Vi ynskjer å vera ein synleg og vaken næringsaktør i det lokale ordskifte og bidra til gode løysingar for alle partar, til beste for ei næring i utvikling og den oppveksande slekt.
Vi ynskjer å samarbeide med andre lokale næringar om gode løysingar, tilbod og utvikling av både noverande og framtidige tilbod til tilreisande.
Jobbkvalitet for reiselivstilsette:
Vi har fokus på at våre tilsette er vår mest verdsette ressurs og sikrar at dei har lønnsvilkår og arbeidstilhøve som fremjar trivnad, vekst og utvikling
Gjestetilfredsheit, tryggleik og opplevingskvalitet:
Vi ynskjer å syrgje for at våre gjestar opplev å vera trygge, sett og berika med nye opplevingar gjennom fortløpande fokus på tryggleik, informasjon og tilpassa opplevingar for den einskilde sine føresetnadar.
Økonomisk levedyktigheit
Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reiselivsdestinasjonar gjennom lokal verdiskapning:
Vi ynskjer å nytte lokale leverandørar i vårt virke og sikre lokal verdiskaping til beste for lokalmiljøet.
Vi ynskjer å samarbeide med andre næringsaktørar om gode tilbod og pakkeløysingar retta mot ulike målgrupper av tilreisande.
Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reiselivsbedrifter:
Vi ynskjer at tilreisande og gjestar, ikkje berre hjå oss men og i Lom som reisemål skal sitja att med eit inntrykk av at vi ivaretek dei ressursane vi er sett til å forvalte på ein slik måte at dei er tilgjengelege for seinare generasjonar.
Vi ynskjer at tilreisande og gjestar skal oppleva at vi som bedrift har teke dei på alvor og gjeve dei gode opplevingar.