FAQ / Ofte stilte spørsmål
Det er så mangt ein kan lure på når ein planlegg ferietur eller dagsreise – det har me stor forståing for.
Under har me samla spørsmål som ofte kjem – vonar du finn det du lurar på!
Me fylgjer til eikvar tid dei gjeldane forboda, påboda og tilrådingane som vedkjem både aktivitetstilbod spesielt og i samfunnet generelt. Alle aktivitetsstadane våre har tilbod om handdesinfeksjon og/eller handvask, oppmoding om å overhalde avstand mellom ulike familegrupper og enkeltpersonar samt at våre tilsette skal oppmode om at desse vert nytta og fylgde.
Me ber uansett om at kvar enkelt person- og familegruppe gjer sitt til at reglar vert fylgde og overheld det som til eikvar tid er beste praksis i høve smittevern – så vert situasjonen betre for alle.
Nei – her er det berre drop-in! Om det er litt kø går denne raskt unna.
Nei, det treng du ikkje. Du kan velje å gjere det frå nettsida vår, men dette er mogleg berre fram ti lk. 10 på ankomstdagen. Etter kl. 10 er det berre drop-in for resten av dagen. Du må lese og fylle ut eit skjema om aktiviteten, tryggleiksopplæringa og kven som er gjestar før du kan starte aktiviteten.
Nei, her er alle aktivitetane drop-in. Du må lese og fylle ut eit skjema om aktiviteten, tryggleiksopplæringa og kven som er gjestar før du kan starte aktiviteten.
Ja, plass må bookast seinast innan dagen før planlagd tur. Dette gjer du enkelt på heimesida vår.
Hugs å alltid gjere deg kjent med kvar du skal møte opp og til kva tid. Sjå og kva utstyr du treng på eige spørsmål under.
Guiden har med ein del utstyr til deg som gjest, som du skal bere sjølv og bruke på brevandringa. Utstyret er inkludert i prisen og er fylgjande: hjelm, isøks, stegjern, sele og tau. Det er difor viktig at alle deltakarar har eigen sekk med plass til dette utstyret samt ditt personlege utstyr, som bør vera fylgjande: ekstra klede (vindtett/regnklede), vottar, lue, solbriller, solkrem, nistepakke, godt med drikke, sitjeunderlag osb. Om du har med born som ikkje skal bere sekk sjølv må ein føresett ha plass til å bere utstyret for barnet.
Guiden har med utstyr til deg som du lånet under grottevandringa og som du må bere sjølv til og frå. Dette er hjelm og hovudlykt. Av personleg utstyr treng du ekstra klede, lue, vottar/hansker, sko med god såle og ytterklede som tåler ein trøkk. Dette er ikkje turen for dei nyaste kleda og skoa dine, ta heller på noko som godt kan få ei flenge og tåler å krabbe i gjørma. Gummisko er ikkje nødvendigvis det beste på grottetur, med mindre dei har ein god såle som heng godt på berget. Elles er det fint å ta med ei matpakke og godt med drikke!
Guiden har med litt utstyr til brevandringa undervegs som kvar enkelt gjest ber sjølv: sele og tau. Har du med barn på turen som ikkje ber sekk sjølv må ein føresett berre dette for barnet.
Av personleg utstyr bør du ha med ekstra klede, vindtette ytterklede, solbriller, solkrem, lue, votter, stor matpakke, godt med drikke – gjerne både varm og kald. Det er ikkje moglegheit for å fylle vannflaske undervegs, så alt må vera med frå start. Toalettpapir er lurt om nauden byr seg – det er ikkje toalett undervegs eller på toppen. Gode sko, gjerne med litt høgde på skaftet, for god støtte når me går i steinurda. har du fjellsko tek du desse hit.
Du må gjerne ta med hunden din på tur, men ikkje på brevandring.
Til Galdhøpiggen må gjerne hunden vera med, om den er vant til terreng, steinurd og is. Mange brukar potesokkar, det er opp til kvar enkelt å vurdere på førehand. Om hunden må gjere sitt fornødne på turen ynskjer me ikkje at de brukar pose på avføringa, med mindre du er ansvarsfull og ber posen med til næraste søppelkasse etter turen.
Hunden må vera i bånd under heile turen, både grunna reglane om båndtvang og av omsyn til andre gjestar. I Lom kommune er det utvida båndtvang mot andre delar av landet grunna bestesesong.
Nei, du må ikkje, men for å vera sikker på at det er nokon ledig lønner det seg. Du bookar enkelt her frå heimesida vår.
Kajakken/kanoen leiger du for resten av same dag. Det vil seie at lånt utstyr og nøkkel må leverast på utleigestaden innan kl. 22.00 same dag, ikkje dagen etter.
Born som er fyllt 12 år kan vera sjølvstendige i desse aktivitetane. Born under 12 år må ha med føresett og den føresette må løyse billett og klatre saman med barnet. Me ynskjer helst at de uansett alder er ilag med barnet, då det kan vera andre behov enn dei som vedkjem aktivitetane som må ivaretakast av vaksenperson og som ikkje me kan bistå med. Føresette må uansett lese og skrive under på informasjonsskjema om aktiviteten barnet skal gjere; eigefråsegn.
Alle aktivitetane våre føregår i Lom kommune; Prestfosstraversen og Lom aktivitetspark ligg i Lom sentrum medan Galdhøpiggen Klatrepark ligg i Bøverdalen 25 km frå Lom sentrum. Sjå gjerne sida vår Her finn du oss, der ligg kart med stadane avmerka.
I Lom finn dykk mange og varierte overnattingstilbod, frå hotell til gardsovernatting, camping, vandrarheim og glamping. Sjå gjerne sida vår om overnattingstilbod i Lom her.
Me ynskjer gjerne å bistå med planlegging av gruppetur – send oss ein epost til post@aktivilom.no med informasjon om tidspunkt, antall deltakarar, ynskje om aktivitetar og overnatting så lagar me eit forslag/tilbod til dykk.
Me får ofte spørsmål om turtips men vonar dykk forstår at me ikkje kan svare på alle desse i ein travel kvardag der me ofte er på tur sjølve.
Men – me er medlemmar av visitjotunheimen og dei har unik og god oversikt over alt frå enkle til meir krevjande turforslag for deg. Du finn dei i Turistinformasjonen midt i Lom sentrum eller du kan besølkje nettsida deira på www.visitjotunheimen.no
Det avheng av alder på barnet og kor vant barnet er til å gå i kupert terreng, kor vant barnet er til å måtte presse seg litt og kor motiverande dei ikring er for barnet undervegs. Me har ikkje med barn under 7 år på påmeldingsturar, og dette er av omsyn til den totale gruppa. Dersom barnet syner teikn til at turen vert for krevjande vil guiden be om at barnet og ein føresett snur før breen på tur opp.
På privat guida tur til Galdhøpiggen har me hatt med barn ned til 5 år, då er det gjerne ein familie eller storfamilie på tur og barnets behov kan betre møtast og ivaretaksat gjennom dagen. På privat tur tek me gode pauser og god tid på alle etapper.
Ja, absolutt. Me ser at sjølv dei minste har stor glede og opplev spenning når han/ho får krype og åle seg fram gjennom trange passasjer. Det er ikkje alle grottene som eiganr seg like godt for dei aller minste, men på t.d. privat guida tur kan ein velje å unngå passasjer eller delar av dei grottene som kan vera for krevjande for den minste. Barn har ein fantastisk fantasi og ein høyrer ofte mykje gode teoriar på korleis grottene vart til, kva drager som har budd der og kvar dragene er no!
I utgangspunktet ja.
I Galdhøpiggen klatrepark kan du klatre alle løypene du er høg nok til så mange gonger du ynskjer, inntil du leverar inn att selen og hjelmen.
I klatreløypa ved Lom aktivitetspark kan du klatre så mange runder du ynskjer, men når du tek av selen og hjelmen kan du ikkje få den utlevert på nytt.
I klatretårnet ved Lom aktivitetspark betaler ein for 30 min. klatring om gongen.
Me ynskjer at alle barn, uansett alder, skal ha ein aktivitet som passar dei hjå oss. Nettparken er difor for dei minste barna og dei opp til 11 år, med den hensikt at aktiviteten ikkje skal opplevast som skummel for dei aller minste. Me forstår godt at større barn også kunne tenkt seg å prøve, men for å ivaretaka behova til dei minste er det sett ei aldersgrense der.
På dei fleste turane våre er det lagt opp til at alle deltakarar har middels erfaring i sekken frå tidlegare. I det legg me at den enkelte har brukt skiutstyret sitt før, kan å bruke dette både i motbakke og nedoverbakke.
Er du heilt fersk vil me anbefale at du meldar deg på ein av våre nybyrjarturar, desse plar me ha innimellom. Her vil alle deltakarar vera på omlag same nivå og guiden vil gå meir i dybda på både skiteknikk og ferdsel generelt.
Sjølvsagt!
Me har ikkje utstyr til utleige sjølve men set deg gjerne i kontakt med ei sportsforretning som har. Pr. sesongen 2021 er det Sport1 Lom me vil be deg ta kontak med.
Me vil sjølvsagt prøve!
Her på heimesida vår har me ei eiga side for utleige – der har me lista opp det me har av utstyr. Om du ikkje finn det du ser etter der har me det nok ikkje, diverre.