Om Aktiv i Lom

Fødde og oppvaksne i Lom har fjellheimen kring oss bydd på naturopplevingar, meistring og spenning så langt attende me kan hugse. Som kjend vert gleder berre større av å delast – og me byr difor opp til aktivitet eller ynskjer deg velkomen med på tur!

Aktiv i Lom vart etablert attende i 2009 med det føremål å skape aktivitet og grobotn for naturopplevingar i heimbygda. Sidan den gongen har me utvikla oss og har etterkvart mykje spanande å by på.

Forutan Galdhøpiggen klatrepark, som er ein av dei eldste klatreparkane i Norge, Lom aktivitetspark, Prestfosstraversen zip-line har me organiserte turar på fjell, bre og ski; alt i harmoni med kva årstidene i fjellheimen tillet.

Me i Aktiv i Lom deltek sjølve i alle vers – i alt frå bygging, vedlikehald til guiding og billettsal. Me har trua på å vera nær gjestane våre, dele opplevingane og forstå kva som gjev akkurat deg og dine ein flott dag i fjellet eller i tretoppane. Slik kan me verte enda betre og utvikle oss i takt med dykk som vil vitje oss!

Tryggleik og bærekraftig bruk av naturen ikring oss er viktig for oss – med oss skal dykk oppleva meistring i trygge omgjevnadar og på naturen sine premissar.

Eg høyrer ein song ifrå fjellet

frå tindar og våte myr

som lokkar meg opp ifrå bygd

mot fjellheimes eventyr.

Finn Sandum, Sol i Skuggedal, 2012
Telt og hund i forgrunn og fjell i bakgrunnen