Overnattinger

Nasjonalparklandsbyen Lom og i kommuna elles finn du mange og varierte tilbod om overnatting. Alt frå vandrarheim, motell, camping, bubilparkering, gardsovernatting til glamping og hotell. Sov godt – i Lom!

Hotell

Lom har mange hotell å by på, både i nasjonalparklandsbyen og i fjellet.

Sentralt og nært andre tilbod eller høgt til fjells og nært turmoglegheitenen – valet er ditt.

Brimibue

Midt i Nasjonalparklandsbyen Lom finn du Brimibue; staden for nyskapande tradisjonsmat og kvile med fossebrus på kjøpet.

Les mer

Fossheim Hotell

Nasjonalparklandsbyen Lom husar enda ei gastronomisk leiestjerne; her finn du tradisjonsrike og historiske Fossheim hotell.

Les mer

Camping

Det skal ikkje stå på utvalet av campingtilbod – Du finn fleire både i Nasjonalparklandsbyen og i kommuna elles.

Nordal turistsenter

Midt i sentrum av nasjonalparklandsbyen Lom finn du Nordal turistsenter, ein tradisjonsrik og erværdig aktør historia om Lom som reiselivsdestinasjon.

Les mer

Gardsovernatting

Overnatting i heimetrivelege omgjevnadar, nærkontakt med dyr, gardsliv og kvilepuls. Ei gardsovernatting er garantert ei oppleving som ikkje vert gløymd!

Strind gard

På Strind gard har Anne Jorunn og Trond teke mot gjestar fra heile verda sidan 1975. Her kan du slappe av med ei bok på ein av dei mange sitjeplassane ute og høyre suset fra Vittingje. Garden driv aktivt med sauehald og gamle tradisjonar blir haldne vedlike.

Les mer

Glamping

Glamping – eller glamorøs camping om du vil. Her finn du campingopplevinga med det vesle ekstra!

Jotunheimen Panorama

Nesten svevande over vakre Bøverdalen ligg Hugin og Munin, to Arctic Domes, like under Juvassplatået og ventar på deg som ynskjer eit overnattingstilbod som har det vesle ekstra.

Les mer

Vandrarheim

Vandrarheim er et rimeleg, trygt og triveleg alternativ når du er ute på reise med jobben, familien, vennegjengen eller på eigehand.

Bøverdalen vandrerhjem

Bøverdalen vandrerhjem ligg rett ved Fv.55 som går gjennom Bøverdalen, mot Sognefjellet og er eit flott utgangspunkt for deg som skal på topptur, sommarski eller som berre vil sjå og oppleva levande bygder i fjell-Norge!

 

Les mer

Fjellhotell og turisthytter i fjellet

I fjellheimen i Lom kommune finn de mange og tradisjonsrike fjellhytter og hotell, mange av desse familebedrifter. Utvalet er stort og fjellet er nært!

Raubergstulen turisthytte

På Raubergstulen,ein gamal seterstul ved foten av Galdhøpiggen, finn du Raubergstulen turisthytte. Eit flott utgangspunkt for mat ,kvile, aktivitet og opplevingar i Jotunheimen.

Les mer