Lavvo

Telt er fint, men lavvo er ei oppleving. Har du eit behov å dekkje – har vi lavvo!

Vi har mange ulike storleikar å velje blant og bruksområda er nær uendelege. Under finn de dei ulike storleikane og ei beskriving av bruksområde og kor mange personar dei rommar. Aktiv i Lom er autorisert utleigar av lavvoane våre er Tentipi Lavvo

Overnattingslavvoar

Vi har fylgjande storleikar av overnattingslavvoar de kan leige oss setje opp sjølve:

  • 5-mannslavvo. God plass til 2 senger eller 3 stk. på liggje underlag. Kan romme 5 personar, men då ligg de trangt.
  • 7-mannslavvo. God plass til 3 senger eller 4 stk. på liggjeunderlag. Kan romme 7 personar, men då ligg de trangt.
  • 9-mannslavvo. God plass til 4 senger eller 5 stk. på liggjeunderlag. Kan romme 9 personar, men då ligg de trangt.
  • 15-mannslavvo. God plass til 6 senger eller 9 stk. på liggjeunderlag. Kan romme 15 personar, men då ligg de trangt.

Alle dei lavvoane nemnde over har midtstang og er enkle å setje opp. Dei kan og leigast med golv og evt. omn, senger, liggjeunderlag eller reinsskinn.

  • Sirius 40-mannslavvo. God plass til 20 senger eller 30 på liggjeunderlag. Kan romme 40 personar, men då ligg de trangt.
  • Stratus 72-mannslavvo. God plass til 35-40 senger eller 60 på liggjeunderlag. Kan romme 72 personar, men då ligg de trangt.

Selskapslokale eller eventlavvo

Noko av det som gjer lavvoane så spennande å arbeide med ei alle dei moglegheitene ein har til å kombinere og tilpasse lavvoane til akkurat ditt behov eller ynskjer.

Dei store lavvoane kan byggjast saman på svært mange ulike måtar og skape utallige fasongar, og romløysingar. Vi har kvart år mange oppdrag med lavvoane våre – både til bryllaup, bursdagar, firmagrupper, skuleklasser, festivalar, scener og overnatting. Vi er stolte leverandørar av eventlavvoar til m.a. Malakoff Rockfestival kvart år!

Det er nesten berre fantasien som set grenser for kva du kan bruke opphaldslavvoane til og korleis ein byggjer dei saman.

Skal du fylle lavvoen med gjestar har vi mykje å by på av interiør:

  • Bord og benkar
  • Bord og stolar
  • Tre- eller plastgolv
  • Ljoslenkjer
  • Parafinlykter
  • Reinsdyrskinn
  • Tallerken, glass og bestikk
  • Oppvarming

Eksteriøret kan endrast ved å leggje til veggar med glasopning – rommet vert ein anna og meir ljos slepp inn.

Og du – lavvo fungerar like godt i alle årstider, dei har alle kvar sin sjarm. Utandørs vert ikkje uoverkommeleg med ein lavvo som base, og meir stemningsfullt er det vanskeleg å få det!

Prisar

Ynskjer du å høyre meir eller sende ein prisførespurnad set vi stor pris på dette. Sidan ein lavvo ikkje berre er ein lavvo er det ikkje mogleg å setje opp ei prisliste her – dei aller fleste ynskjer diverse tilbehør attåt sjølve lavvoen. Send oss ein epost der du beskriv behovet du skal dekkje så sendar vi deg eit tilbod!