Fottur med barn – Kyrkja 2032 moh.

Fjelltur med barn er ei eiga øving! Å sjå turen gjennom barna sine augo er ei øving vi vaksne har godt av, opplevinga vi deler vert så mykje større på denne måten.

Eit av dei meir fotograferte fjella i Jotunheimen ligg majestetisk til attmed Leirvatnet innerst i Leirdalen. Frå Leirvassbu er dette ein tilgjengeleg topp å nå ilag med barn som er vant til å gå i steinurd og motbakke!

For å koma til Leirvassbu fylgjer du Fv.55 Sognefjellsvegen mot vest fram til Vegaskjelet, der du tek av mot Leirvassbu. Resten av vegen er bomveg – gjer vel å merk deg dette så du har med anten vipps eller kort. Ta det pent innover – her beiter husdyr gjennom sommarsesongen og dei ligg gjerne i vegkanten og nyt dagen!

Vel framme ved Leirvassbu er det berre å leggje iveg – ha alltid med kart eller kartbok så du kan sjekke undervegs at du held deg på rette stien.

Frå Leirvassbu er det skilta mot Olavsbu og Gjendebu etter ein anleggsveg, denne skal du fylgje omlag ein kilometer før du skal ta av mot venstre der vegen svingar til høgre inn mot Gravdalen. Du fylgjer no stigen opp mot Høgvaglen. Her finn du og stidele mot Gjendebu og Olavsbu. Du skal fylgje stigen rett fram og opp midten av ryggen du går på i retning Kyrkjeoksle.

Å gå fjelltur åleine og med barn er to svært forskjellige ting. Åleine kan ein tenkje lange tankar og kjenne på eiga meistring og reflektere. Med barn må ein omstille seg til deira perspektiv, møte alle spørsmåla og ta del i undringa dei syner. Vi vaksne går forbi så mykje deltaljer og går glipp av så mykje som dei små ser, undrar seg over og gjerne vil ha svar på! Å sjå turen gjennom barna sine augo er ei øving vi vaksne har godt av, opplevinga vi deler vert så mykje større på denne måten.

Varde med Øvre Høgvagltjønne og Langvatnet i bakgrunnen.

Det går fleire stigar oppover mot Kyrkjeoksle, men alle går fram mot dit du skal. Ved 1700 meters høgde er det ein fordel å halde skrått oppover i nordhellinga av ryggen. Her ligg det ofte att snø seint p åsommaren, og du vil sjå tråkk etter andre turgjengere over mot sadelen 1755 moh.

Eit eksempel på kva barneaugo ser i naturen, som eg godt kunne oversett, ser du under:

Vel framme ved sadelen er det fint med ei lengre matpause før ein skal byrje på oppstiginga til den etterkvart ruvande Kyrkja. Som alltid på tur med barn er det ein stor fordel å ha med motivasjonsfremjande proviant i lomma i tillegg til skikkeleg nistemat og godt med drikke!

Kyrkja sett frå sadelen – sjekk snøfonna! Denne kan vera fin å ake seg ned på heimvegen, men ver obs på at stein stikk ut og elles kan liggje rett under overflata utan at de ser dei.

Oppover mot toppen går du i urd, held du deg etter den mest brukte stigen ligg urda stort sett i ro. Ver likevel varsam og hugs at stein kan løsne og trille nedover, noko som er skikkeleg farleg ver det er fleire i same ruta.

Når du når omlag 1800 meters høgde er det eit punkt som du lettast passerar ved å halde til høgre. LItt lenger opp, omlag ved 1950 meters høgde gjer du det same for å passere det punktet.

Du kjem no etterkvart til eit flatare terreng, i den grad ein kan bruke det uttrykket her. No gjenstår siste kneika, som er såpass bratt at ein må bruke hendene i tillegg nokre plassar. Vi sette att ryggsekkane våre ved det «flate» partiet, då det kjennes betre ut å klatre seg opp utan noko tungt på ryggen. NB! Hugs å flytte over motivasjonsfremjande frå ryggsekk til jakkelomme her, då det vert bruk for den no og sjølvsagt på toppen!

Ver tett på det siste stykkje opp mot toppen og når dykk er vel oppe – her er det ikkje mykje plass å boltre seg på og høgdekjensla kan fort kome over nokon og einkvar. Legg gjerne merke til at toppen av Kyrkja består av anna mineral enn det du har sett på vegen opp. Dette mineralet som gjev farga til toppen er olivin, jernhaldig og brunfarga.

Nyt utsikta frå toppen – her ser du vidt ikring i alle retningar!

Turen heim går same veg som opp, ta dykk god tid og gå trygt i urda. Vel nede på Leirvassbu er det på høg tid med ein is – det er vel fortent etter slik ein topptur!

Takk for turen!