Skrevet av Elin Husom Slålien
05/07/2022
Bretur er tradisjonelt ikkje noko som har vore tilgjengeleg for alle å oppleva. I dag er det mange som tilbyr guida, trygge turar for alle utan erfaring – også barn!
Utilgjengelege, mystiske og omgjeve med ærefrykt ligg dei der, restane etter siste istid. Likevel har dei ei særleg tiltrekkingskraft; svært mange av oss har eit ynskje om å oppleva i denne kalde, framande verda.
For å ferdast trygt på breisen bør ein ha kunnskap og praktisk erfaring med seg i sekken. Mange har gjennomført brekurs fleire år attende og like mange er heilt utan tidlegare erfaringar og kunnskap. Då er det mest fornuftige å gjere å bestille seg ein guida tur med breførar – tryggleiken skal alltid vera i fremste rekkje!
Dei aller fleste som tilbyr guida breturar har ei nedre aldersgrense for barn, denne plar vera i området 10 år. Årsaken til denne grensa er at barn treng gjerne litt meir tid, litt meir informasjon og støtte i ukjente omgjevnadar. For å tryggje barn tykjer vi dei skal få denne tida, denne støtta og informasjonen – og tilbyr difor private turar for familiar med barn under 10 år ned til 5/6 år på Bøverbreen.
Med eigen guide på privat bretur legg vi i veg frå Krossbu etter ein god sti i relativt flatt og greit terreng vestover mot Bøverbreen. Undervegs tek vi fleire stopp, justerar klede, drikk litt medbrakt vatn og får høve til å sjå på spor etter breen si ferd i landskapet. Dette plar barn tykje er spennande saker! Ein skal ikkje undervurdere barn si evne til å forstå sjølv abstrakt informasjon som dette, når dei får handfaste bevis å sjå på på berget framfor seg.
På vegen vidare vestover passerar vi fleire endemorenar, meir eller mindre tydelege «murar» i landskapet, beståande av lausmasser og stein, som fortel oss at her var brefronten på eit tidspunkt i historia.
Den fyrste endemorena vi passerar er kanskje den mest spennande; på austsida av den er landskapet og biomangfaldet omlag 8000 år gamalt, medan det på vestsida er berre omlag 200-250 år! Nok til å vekkje geonerden i oss alle!
Den siste etappa inn til dagens brefront har litt meir stigning. Vi brukar god tid på denne siste stigninga før vi tek ei lengre pause ved brekanten med mat, drikke og informasjon. Ei freistande matpakke og litt godsaker til den yngste er eit godt hjelpemiddel for å halde oppe motivasjonen!
Guiden vil hjelpe til med å ta på utstyret dykk får låne for dagen; sele, hjelm, stegjern og isøks. For å sikre suksess er det viktig å ha skikkeleg skotøy; fjellsko med stiv såle, også for den minste brevandraren. Av erfaring veit vi at vintersko til barn av typa Kamik og lignande med stiv yttersåle og uttagbar innersko fungerar greit med stegjern ned til str.33.
Etter at alle har fått på utstyret og instruksjon er gjeve og forstått legg vi i veg oppover Bøverbreen. Det er litt stigning, men på breen går vi aldri fort. Med barn i taulaget går vi roleg og kryssar oss oppover mot fyrst det nedre brefallet og seinare evt. oppover mot det øvre brefallet. For barn er gjerne det nedre brefallet meir enn nok spenning, og det er betre å utforske dette enn å heve spenningsnivået for mykje og gjere barnet utrygt.
Sjølve brevandringa plar vare i 2-2,5 timar, tida flyg fort når vi er på breen!
To sesongar på breen vert aldri heilt like. Breen er i stadig beveging, vêr eroderar overflata og omgjevnadane endrar seg frå dag til dag og sesong til sesong. Er vi riktig heldige finn vi eitkvart spennande å utforske, som ein tunnel, ei hole eller ein finn sprekk å vandre gjennom.
Vel nede ved brefronten att tek vi av oss utstyret, kanskje ein liten matbit og litt drikke før vi i samla tropp ruslar attende mot Krossbu.
Og – alle var einige om at det hadde vore ein flott tur!