Vêrmelding og tur

Vi kan alle ynskje oss fint vêr når vi har planlagd ein tur, men vêret rår heldigvis ingen over. Turen vert som regel fin lell. Her kjem nokre tips og råd i høve planlegging av tur, bruk av vêrmelding og utstyr/klede!

Skodda og sola leikar kring Galdhøpiggen. Foto: Ove Nestvold/Aktiv i Lom

Eg har her teke utgangspunkt i vêrmeldetenesta yr.no og med tur meinar eg her grottetur, fjelltur og bretur på sommarføre.

Erfaringstal frå tenesta tilseier at nordmenn jamnt over er flittige til å oppsøkje informasjon om forventa vêr og syner at dette er noko vi er opptekne av. Men korleis skal ein tolke og bruke den informasjonen som vert gjort tilgjengeleg på desse tenestene – og – kvar går grensa for at tur vert gjennomført?

Stad

For å sikre best mogleg måloppnåing på søket ditt bør du spesifisere namnet/staden du ynskjer å vite vêrmeldinga om så godt som mogleg.

Skal du på bretur til Bøverbreen i Lom bør du søkje opp nettopp Bøverbreen, ikkje Lom. Lom er kommuna, eit relativt stort og geografisk samansett området, noko som vil generere ei overordna vêrmelding for eit mykje større området enn det du er ute etter.

Har du bestilt deg guida tur til Galdhøpiggen kan du søkje opp både «Galdhøpiggen» og etterpå «Juvasshytta» og sjå desse under eitt, då du startar og endar på Juvasshytta, medan Galdhøpiggen er turmålet.

Skal dykk opphalde dykk i Lom sentrum, nyte kanellsnurrar på Bakeriet og kanskje besøkje Lom aktivitetspark bør du spesifisere søket til Fossbergom, som er stadsnamnet på sentrum i Lom kommune.

Vêrmeldinga

Vel inne på søket ditt får du tilbod om fleire ulike tenester; værvarsel – i nærheten – kart – detaljer – historikk

Sjå gjerne fyrst på værmelding og klikk deg inn på den datoen du er ute etter. Då vil du få opp eit time-for-time-varsel, symbol og tekstbeskriving. Kan hende ser du her at symbolet for regn faktisk betydde 0-1,2 mm/t to timar etter at du forventar å vere ferdig med turen din.

Under fana i nærheten finn du faktiske data frå målestasjonar i nærleiken i sanntid.

Dersom du på time-for-time-varselet finn varsel om byger kan det vera interessant å sjekke fana kart. Her finn du eit kart med animert, forventa beveging av bygeaktiviteten.

Fana detaljer gjev eit meir utdjupa bilde av varselet du er ute etter. Her finn du mellom anna ei prognose for sjanse for nedbør oppgjeve i prosent, luftfuktigheit og barometertrykk.

Langtids- og korttidsvarsel

Som med alt anna vil tidshorisonten for varselet påverke sannsynet for om ei vêrprognose slår til eller ikkje. I fylgje yr.no sin eigen informasjon oppdaterast langtidsvarsel kvar 12.time medan korttidsvarselet vert oppdatert kvar 3. time.

Har du bestilt tur og ynskjer å vere godt førebudd er det lurt å sjekke vêrvarselet t.d. før ein pakkar sekken og reiser. Ha da i minne at vêrvarselet kan verte endra om det er fleire dagar fram mot sjølve turdagen.

Galdhøpiggen klatrepark
Foto: Live Andrea Sulheim/Aktiv i Lom

Vert det tur?

Vi får ikkje reint sjeldan spørsmål om bestilt tur vil verte gjennomført trass i at det er spådd t.d. nedbør eller vind. Som nemnd innleiingsvis ynskjer vi alle fint og godt turvêr, men kva er eigentleg fint turvêr og er det vêret eller andre faktorar som påverkar korleis vi opplevde turen?

Klede/utstyr

Å vera godt førebudd i høve klede er viktig. Vi sendar alltid ut ei liste med tilrådd utstyr/klede før tur og her er alltid vindtett/vannavvisande jakke eit punkt, gjerne og tilsvarande bukse. Lue, vottar/hanskar, buff og skift av undertøy/sokkar i sekken likeså. Solbriller og solkrem er alltid med – UV-stråling vil det vera sjølv i delvis- eller heilt overskya vêr, spesielt på snø/is.

Ditt utgangspunkt

Di erfaring frå tidlegare, dine føresetnadar og evt. samansetjinga av turfylgjet ditt har noko å seie når ein vurderar tur vs. vêrmeldinga. Vind opp til 17-18 m/s eller varsla regn er ikkje noko problem om ein er vaksne i turfylgjet med gode klede og føresetnadar. Er det barn med på tur må ein alltid ta omsyn til deira behov fyrst, dei vert fortare nedkjøla, dei misser kanskje fortare motivasjon og vert fortare slitne. På våre turar er det omsynet til barna som legg lista for når ein evt. avbryt ein tur/snur.

Forventningar

Om ein bestiller og planlegg tur i Jotunheimen sommarstid vil det alltid vera grunnlag for å forvente det meste av vêr. Området er no eingong det høgaste i Norge og vêret er kjent for å skifte brått om forholda ligg til rette for det. Ein bør difor alltid ha ei forventing om at ein kan treffe på forskjellig vêr og vera førebudd på dette. Mentaliteten vi har med oss inn i turen er premissleverandør for korleis vi i ettertid vil hugse opplevinga.

Sosiale media

Mange tykjer det er stas å ta flotte bilete av turen, både undervegs og vel framme ved turmålet. Sosiale media flommar tidvis over av strålande ansikt med majestetiske fjelltoppar i bakgrunnen, nydeleg ver og generelt flotte førehald. Hugs då på at biletet er eit augneblink av ein dag, og filter er fine greier. Nedbøren ein time før biletet vart teke er ikkje nemnd, og solljoset var kanskje ikkje akkurat slik. Faktisk er det heller slik at litt skyer og skiftande ljos skapar minst like fine bilete!

Forsvarlegheit

Så lengje det er forsvarleg å gjennomføre turen – vert det tur. I forsvarleg legg vi at vêrtilhøva på turdagen ikkje er potensielt trugande for liv og helse. Vi som lev og bur i dette fjellområdet har erfaring med at vêrmeldingane slår til like ofte som dei feilar, og slår dei til tilbyr vi alltid ein alternativ tur eller aktivitet på turdagen. Vanlegvis er dette t.d. grottevandring dersom torevêr forhindrar brevandring eller guida tur på Galdhøpiggen.

Av erfaring kan eg seie at den gode turopplevinga ikkje nokon gong har vore direkte samanfallande med strålande sol frå skyfri himmel. Snarare tvert om. Med gode klede på kroppen og i sekken, realistiske forventningar og turglede i sinnet er du godt på veg i å sitja att med ei god turoppleving.

Velkommen på tur!