Grottetur med barn

Lom og nasjonalparkane her har meir å by på enn høge toppar og vakker utsikt. Med små og mellomstore barn kan det vera utfordrande å finne turmål som både er enkle nok og samstundes er spennande nok til at poden har framdrift utan at tursjokoladen må fram kvart femte minutt.

Ein sikker vinnar i så måte er å gjere noko heilt anna og ta ein dag i Dumdalsgrottene.

Grottene

Vanlegvis brukar vi tre av dei mange grottene i Dumdalen; Fiskegrotta, Elveskrekken og Jotunhallen. Berre namna får fantasien igang hjå barnet før vi i det heile har kome fram til den fyrste.

Desse tre ligg med berre stutt avstand mellom kvarandre halvmidt oppi Dumdalen, omlag ein liten halvtimes gange frå der vi parkerar bilen ved Fv.55 Sognefjellsvegen. Terrenget er lett å gå i og det er mykje vakkert å sjå på undervegs.

Fiskegrotta er den fyrste vi kjem til, her kan ein- om ein er heldig – sjå fiskar leike i vatnet rett innanfor inngangen. Utgangen er eit lite stykkje innover og oppover, her kan ein velje mellom utgangsopningar av varierande storleik, alt etter kva ein er komfortabel med!

Dumdalen Fiskegrotta
Frå inngangen til Fiskegrotta. Ser du fisken?

Elveskrekken er neste grotte, denne kan vera meir krevjande og spennande for alle, men når ein fylgjer dei råd og rettleiinga ein får av guiden er det korkje farleg eller uoverkommeleg. Elva Dumma høyrer vi her inne som ein kraftig bass i grunnen under oss, samt at me går ved sida av den der den renn ope i delar av grotta. Elveskrekken har mange vegval undervegs og utgangane er ikkje trange, men kan vera litt bratte å klatre opp av. Då er det godt å ha ei trygg hand å støtte seg til.

Jotunhallen er kanskje meir som namnet seier snarare ein hall enn ei grotte. Etter ein liten rusletur oppover urda innover dalen etter Elveskrekken, bak eit slør av rennande vatn framfor holeopninga, ligg eit stort holrom under ein høg takhvelving – Jotunhallen. Her må det ha vore plass til to draker – minst!

Sporlaus ferdsel

Når vi no har beskrive dei vakre omgjevnadane og dei eldgamle grottene er det eit svært viktig tema vi må minne om i høve det å ferdast i ein nasjonalpark. Dumdalen er eit særleg sårbart området, både i høve dyre- og planteliv men og i høve dei vakre kalksteinsgrottene. All ferdsel og rasting i Dumdalen skal føregå på ein slik måte at vi ikkje gjer skade på den sårbare naturen eller forstyrrar det naturleve dyrelivet. Diverre er det allereie gjort mykje skade på både natur og på grottene, noko som har resultert i at fleirtalet av dei er stengde for almenn ferdsel.

Dei yngste har etterkvart god innsikt i kva vi kan gjere for å ta vare på naturen ikring oss, det lærer dei tidleg i barnehage og skule i dag. Vi vaksne må og vera vakne og minne oss sjølve og dei i fylgjet vårt om at vi ikkje set spor etter oss eller legg att noko når me besøkjer Dumdalen. Saman kan me syne at me tek ansvar for eige framferd og bidra til at vi framleis får lov til å besøkje denne sjeldne og underlege verda.

Utstyr

Dette er ikkje turen for den finaste turbuksa til mor eller dei nye joggeskoa til poden. Grottene er oftast våte innvendig uansett vêrmelding på overflata – ytterklede må ein ha uansett. Grottevandringa inneber at me må ned på huk, på kne og kanskje åle oss framover på våt og skiten berggrunn. Dette er naturleg og artigt for dei yngste – og kanskje meir utfordrande for dei eldste i fylgjet. Barna tykjer det er skikkeleg stas når dei vaksne kanskje må jobbe litt ekstra for å klare noko dei yngste får til; så lett som en plett!

Så – ta på godt brukte klede som tåler ein støyt og gode sko, så vert opplevinga så mykje betre.

Alder

Når vi har med barn i Dumdalen brukar vi seie at så lenge barnet klarar å gå sjølv og kan ta imot beskjedar og informasjon samstundes som han eller ho har ei trygg vaksenhand å halde i – så er barnet gamalt nok til grottetur.

Heilt til slutt

For finst det noko meir spennande enn å få gå på oppdagingsferd med mor, far eller storfamilien – på leit etter kva det no enn er som opptek familiens yngste den dagen? Når vi er så heldige å ha med barn på tur hit er det ikkje reint sjeldan at temaet draker kjem på bana nokså fort, vi må da skjøne at det er nett her dei har halde hus heile tida!

Det er ikkje mykje som slår å dele spenninga og det å få ta del i den fantastiske fantasien som dei yngste er så heldige å framleis ha.

Takk for turen!