Lomseggje 1289moh.

Alle som kjem køyrande mot Lom frå aust har nok lagt merke til den majestetiske fjelltoppen som tronar over sentrumet Fossbergom. Og er du fyrst komen til sentrum kan du ikkje unngå kaste eit blikk eller fem opp mot den markerte kjempa.

Lomseggje, eller Lomseggen, er med sine 1289 moh. ikkje ein storkar blant sine naboar; kjempane i Jotunheimen og Breheimen. Men – den har likevel ei heilt uforligneleg utsikt og ein må arbeide litt for den belønninga det er å rekkje armane i vêret på toppen medan ein skuar utover Reinheimen, Rondane, Breheimen og Jotunheimen. Ein liten syrefest der, altså – men så verdt det!

Lom har mange merka turstigar, fleire av desse kan du starte på frå sentrum. Turen opp til Lomseggje likeså, og den har og fleire moglege ruter opp. Her vil eg beskrive ruta som går via Smith-hytta opp og om Kvilarsteinen ned.

Start

Med utgangspunkt frå sentrum og rundkøyringa kryssar du brua, kastar eit blikk ned på Prestfosstraversen og tenkjer at den skal eg jammen prøve i efta! Vel over brua held du til venstre mot Norsk Fjellsenter og fortset på gang- og sykkelvegen oppover Brubakken på høgre side av Norsk Fjellsenter heilt til du treffer på Solsidevegen, som kjem nedover Bøverdalen på høgre side av elva Bøvre.

Hald fram på gang- og sykkelvegen oppover Solsidevegen og du vil etterkvart passere vakre Andvord Gard. Hald fram vidare i omlag 200m før stigen vidare tek deg til høgre, over vegen og oppover lia. Her er det skilta til Lomseggen (gul merking), Bordvassvegen (raud merking) og Tor Jonssons-stuggu.

Stigen går her etter godt og tydeleg råk i lauvskog, villbringebær og markjordbær på bakken om du er heldig.

Etter omlag 300m skil råka vidare seg, du skal halde fram på den gule markeringa.

Syrefest eller stavar?

Stigninga byrjar syne seg, du held no fram oppover skogsbilvegen og etterkvar er det skilta frå denne og oppover eit skog-råk. Det er no syrefesten byrjar – eller ikkje om du har dagen å ta av. Dersom du på førehand veit at knea dine ikkje er så glade i bratt nedoverbakke er det lurt å ha gåstavar med seg og desse gjer og ein god jobb i oppoverbakkane du nett har teke til på.

Turen vidare oppover sørsida av Lomseggen i retning Smith-hytta er ei stor oppleving om ein er glad i konseptet gå-tur med utsikt. Bøverdalen, eller Dalenes Dal som vi likar å kalle den, er berre vakrare jo høgare ein stig oppover mot den gamle, nyrestaurerte stein-hytta på 1150 moh. På vegen opp kan du fylle vannflaska di med reint fjellvatn og sende ein tanke til dei som var avhengige av dette vatnet frå fjellet for å berge avlingane, buskap og huslyd. Har du friske føt i morgon og er interessert tek du turen om Bordvassvegen og lærer meir om dette der.

Lomseggen opp mot Smith-hytta i vakkert haustvêr

Vel oppe ved Smith-hytta fortener dei fleste ein god kvil, fram med matpakka og termos. Kan du tenkje deg å leggje seg attende i slik ein vakker lyng med ein dampande varm kopp kaffe attmed deg? Gløymd er sure lår og leggar – det er så verdt det.

Toppen! Eller vil du lengre?

Frå Smith-hytta held det gode råket og merking fram i ein stor boge oppover mot det fremste punktet på Lomsegga. Dette er toppen – armane i vêret og klapp på skuldra. No er det berre resten av turen att!

Dersom dagen enda er ung og du har krefter, mat og drikke att kan dette vera høvet til å gå vidare til Eggjapiken, dette er omlag 30-45 minutt vidare opp mot det høgaste punktet som ligg nærast vestover. For den drevne som er oppe i otta kan turen utvidast ytterlegare ved å gå via Eggjapiken og bakover eggje mot høgaste punktet Storivilen 2068 moh. Men dette er ein annan og meir krevjande tur – stay tuned.

Kvilarsteinen

Er du som eg vil eg helst ikkje gå same veg heim som eg kom. Difor legg vi returen om Kvilarsteinen på nordaustsida av Lomseggen, ned mot byggefeltet og sentrum. Råket er tydeleg og bratt, og det er her gåstavane skal gjere nytten sin.

Ned mot tregrensa kjem du etterkvar til ein steinformasjon som kvart år trekkjer mange til fjells; kvilarsteinen. Om du trykkjer på lenkjene eg har lagt til i teksta over kjem du til Instagram og alle bileta merka #kvilarsteinen – sjå sjølv så skjønar du fort kvifor den er så namnspord.

Siste etappe

Etter kvilarsteinen kjem du fort ned i fyrst lauvskog og seinare barskogen. Råket er like tydeleg og med så få lengdemeter per høgdemeter går det fort til du atter står på ein skogsbilveg rett ovanfor byggjefeltet. Fylg merkinga vidare mot sentrum, kjøp deg ein is og sjå opp mot dagens turmål med godt samvit. Og så var det den Prestfosstraversen da…..

Takk for turen!