Brånåvegen mot Storjuvbrean

Er du på utkik etter ein enkel og grei tur med barn – men ynskjer litt utsikt skal du ta med deg poden og rusle oppover Brånåvegen mot Storjuvbrean!

Med utgangspunkt frå Elvesæter hotell er dette ein enkel tur med fantastisk utsikt som belønning. Bilen kan du parkere ved den mektige Sagasøyla – berre denne er verd turen ut til Elvesæter. Les meir om Sagasøyla her.

Frå Elvesæter kryssar du Fv.55 Sognefjellsvegen og over brua. Etter brua ser du skiltet over på di høgre side – frå her går turen vidare etter Brånåvegen; ein traktorveg bygd fyrst på 1950-talet for å frakte gjestar frå Elvesæter hotell opp til Storjuvbrean. Historia om Brånåvegen er vel verd å kikke nærare på om du kan, anten inne på Elvesæter hotell eller t.d. i Finn Loftesnes’ «Opptur Jotunheimen».

Som nemnd over går resten av turen etter traktorveg. Her kan du difor fint ha med barnevogn! Treff du på ei stengd grind betyr det at beitedyr er på sommarbeite på andre sida av grinda. Opne grinda og lat den sikkeleg att for å unngå at beitedyr forvillar seg ned på fylkesvegen. Med hund på tur skal alltid nasjonale reglar om båndtvang fylgjast – og ver merksam på at det kan vera lokale utvidingar utover denne. Er du usikker – hald hunden i bånd.

Enkelt terreng etter traktorveg for to- og firbeinte.

Fyrste del av turen oppover går i frodig blandingsskog; gran, furu, bjørk og or, blåbær- og tytinglyng dekkjer skogbotnen. Angen frå lyngen ein midtsommardag er ikkje anna enn ubetaleleg!

Etter omlag 1,5 km kjem du til eit vegskille og skilting mot Juvfossen. Denne går ut mot høre frå traktorvegen, og er eit skogsråk. Ingen barnevogn her, altså. Om du tek denne avstikkaren kjem du etterkvart fram til Juvfossen, eit mektig og vakkert skue der vatnet fossar i det store juvet. Det skal dog nemnast at dette ikkje er staden for små barn, ivertfall bør dei haldast i handa og unna kanten på juvet. Frå Juvfossen kan du fylgje skogsråket vidare oppover og du vil etter eit stykkje koma inn på traktorvegen att.

Med barn på tur går eg ikkje innom Juvfossen, men held fram etter traktorvegen oppover skogen. Det er meir enn nok å sjå på, smake på og undre seg over her. Utpå seinsommaren finn ein både blåbær, villbringebær og markjordbær langsmed vegen. Og maur – i massevis.

Om litt kjem du til ei ny skilting; her går eit råk til venstre over til setergrenda Mytingen og vidare til Storhaugen. Dette er også ei fin runde å ta! Du held fram etter traktorvegen og skiltinga mot Juvasshytta.

Skogen kring dykk tek no til å bere preg av høgda over havet. Det er stort sett bjørkeskog og anna lauvtre, einer og lyng. Landskapet opnar seg meir og meir – snu dykk mot der dykk starta og sjå dei majestetiske Hestbrepiggane i horisonten. Desse 2000-meterstoppane ligg i Breheimen Nasjonalpark og er eit ufortent mindre brukt turområde enn nabo Jotunheimen på andre sida av Bøverdalen.

Lita jente og store fjell.

På tur med barn er det viktig å ha litt motivasjonsfremjande på lomma. Vi stoppar ofte her og tek ein kjeks eller sjokoladebit før vi legg i veg på den siste delen av turen opp.

Vegen går no vidare i sikk-sakk oppover foten av Mytingsfjellet. Ein passerar snart skoggrensa og nærmar seg 1000 m.o.h. Storjuvbrean syner seg fram innst inne mellom Galdhøe på venstre side og Storgrovhøe på høgre side.

Galdhøe – Vesle Galdhøpiggen – Storgrovhøe

Dykk kjem no etterkvart til eit nytt skilt merka «Storjuvbrean». Her plar vi stoppe, ete litt og nyte utsikta før vi ruslar attende. Om ein fortset vidare mot Storjuvbrean kjem ein snart til eit område som er rasutsett, noko ein ser spor etter der stein og jord har kryssa traktorvegen. Med barn på tur tykkjer eg det er ein unødvendig risiko å ta – turen fram hit er meir enn bra nok!

Vegen attende er den same som opp – men no med utsikta mot Breheimen.

Takk for turen!