Handlekurv
Error Msg.
Din reservasjon utløper om minutter
Treff ()
Lom aktivitetspark er lett å finne. Godt synleg anten du kjem frå aust eller vest. Sikt deg inn mot Lom sentrum, og sjå etter det ruvande klatretårnet like ved RV15. Dersom du har parkert i sentrum, eller bur på ein av dei sentrumsnære hotella eller campingplassane, er det lett og…
Lom aktivitetspark er lett å finne. Godt synleg anten du kjem frå aust eller vest. Sikt deg inn mot Lom sentrum, og sjå etter det ruvande klatretårnet like ved RV15.
Dersom du har parkert i sentrum, eller bur på ein av dei sentrumsnære hotella eller campingplassane, er det lett og snøg å koma seg til aktivitetsparken trygt til fots på fortau.
Ein føresett til born under 12 år må løyse billett og fylgje bornet i klatreløypa.
Du kan velge sjølv om du vil kjøpe billett til enkeltaktivitetar, eller aktivitetskort som gjev deg adgang til fleire av tilboda i aktivitetsparken (klatrepark, klatretårn, gyrotrampoline x 1, tråbilar og nettpark).
Dette er prisane våre for sesongen 2022:
• Aktivitetskort: kr.465,-
• 9-hols minigolf, 1 person: kr. 85,-
• 9-hols minigolf, familie/inntil 5 stk.: kr. 245,-
• Gyrotrampoline, 7 minutt: kr. 85,-
• Discgolf, leige av 3 discar: kr. 150,-/dag
• Klatretårnet, 30 minutt: kr. 195,-
• Klatrepark: kr. 255,-
• Havkajakk og kanoleige: kr. 400,-/dag
Opningstidersommaren 2022:
18. juni – 1.juli 10-16
2.juli – 31.juli 10-18
1.august – 13.august 10-16
Opningstider hausten 2022:
Kvar laurdag 10-16
Haustferie 1.okt-15.okt kvar dag 10-16
Våre medarbeidarar veit mykje om andre aktivitetar i Lom og Jotunheimen, og vi hjelp deg gjerne med å få ei god oppleving både på aktivitetar, turar, mat og overnatting. Spør oss, så vonar me at vi kan gjere opphaldet ditt i Lom og Jotunheimen aktivt og minnerikt.
Velkomen til leik, aktivitet og meistring i Lom aktivitetspark!