Hopp til hovedinnhold

Galdhøpiggen klatrepark

Galdhøpiggen klatrepark – 1000 moh. Med sine 7 klatreløyper og uslåelege utsikt mot Breheimen nasjonalpark er Galdhøpiggen klatrepark den høgstliggjande i Norge! Her finn de løyper for alle aldrar og ferdigheiter – frå barneløype til ekstrem!

Norge har etterkvart mange og varierte klatreparkar å tilby, men her finn du ein av dei fyrste som vart laga og den med desidert flottaste utsikta! Nyrenovert i 2019 med topp moderne sikringssystem er dette utgangspunktet for ein spennande og lærerik dag i aktivitet i fagre Bøverdalen! Om Galdhøpiggen klatrepark…

Norge har etterkvart mange og varierte klatreparkar å tilby, men her finn du ein av dei fyrste som vart laga og den med desidert flottaste utsikta! Nyrenovert i 2019 med topp moderne sikringssystem er dette utgangspunktet for ein spennande og lærerik dag i aktivitet i fagre Bøverdalen!

Om Galdhøpiggen klatrepark

Klatreparken er tilpassa ulike ferdigheitsnivå. Barneløypa er for dei minste klatrarane, gjerne for den som aldri har prøvd lignande før. Her kan vaksne gå ved sida av løypa på bakken og heie poden fram.
Ekstremløypa er ei skikkeleg utfordring for sjølv den mest garva klatraren. Designaren var i eit utspekulert lune den dagen dei fleste av klatreelementa vart laga, og du skal bruke kroppen din smart for å ha krefter heilt inn. Tek du utfordringa?

Instruktørane våre er erfarne og trivelege vaksne med det mål for auga at du skal oppleva meistring, glede over å vera i aktivitet og setje deg i bilen etter endt dag med friske kinn og eit smil om munnen.

Praktisk info

Galdhøpiggen klatrepark ligg på 1000 moh. Det er difor lurt å ta med ekstra klede og yttertøy. La flipp-floppane liggje heime, og ta på deg gode sko som sit godt på foten.

Vi har hanskar, is og drikke til sals. Ta gjerne med niste og termos sjølve og bruk heile dagen hjå oss.
Annan nyttig og viktig informasjon for å få ein fin dag i parken:
• Høgdekrav barneløype: over 80 cm
• Høgdekrav grøn løype: over 110 cm
• Høgdekrav blå og raud løype: over 140 cm
• Høgdekrav svart løype
• Barn u/ 6 år må fylgjast av ansvarleg vaksen i grøn løype
• Barn u/12 år må fylgjast av ansvarleg vaksen i raud, blå og svart løype
• Max 4 barn per ansvarleg vaksen i løypa
• Maxvekt 120 kg
• Klatreseler og anna sikkerheitsutstyr er inkludert

Du kan booke seler hjå oss her fram til kl. 10:00 på ankomstdagen. Etter kl. 10:00 er det drop-in. Før klatringa tek til, må du fylle ut eigenerklæring. Dette får du hjelp til. Du må gjennomgå opplæring i tryggleik før du får klatre på eigehand.

Parkering er gratis for alle gjestar i klatreparken.

Lurar du på korleis du kjem deg til Galdhøpiggen klatrepark? Sjå vegbeskriving under “Her finn du oss”.

Prisar

Dette er prisane for klatresesongen 2021:
• Dagskort 80-110cm: kr. 125,-
• Dagskort 110-140cm: kr. 295,-
• Dagskort over 140cm: kr. 375,-

+ Les hele beskrivelsen