Vårskiturar 2022

Høyrer du fjellet kallar?

Vi har guida toppturar i Jotunheimen frå 30.april og kvar helg så lengje føret held!
Vårskisesongen er rett om hjørnet og med dei føringane for smittevern som gjeld i skrivande stund skal dette gå fint.
Me rettar oss difor etter fylgjande:
– all aktivitet og kommunikasjon i samband med turen føregår utandørs.
– Maks 6 deltakarar og gjeldande corona reglar vil til kvar tid verte fylgd. Overnatting ordnast av kvar enkelt.

Turmål

30.april Kalven

1.mai Storebjørn

7.mai Veslebjørn

8.mai Store Smørstabbtinden

14.mai Veslebjørn

15.mai Kalven

15.mai Galdhøpiggen, midtnattstur i fullmåne*

17.mai Kalven

21.mai Storebjørn

22.mai Store Smørstabbtinden

 

Kunnskapsnivå

For å delta på tur med oss bør du ha gått på topptur med skiutstyret ditt før, vera kjend med teknikk, utstyr og trygg på nedkøyring. Du bør ha kunnskap om trygg ferdsel. Du må ha spade, søkjestang og sendar/mottakar, om du ikkje har kan dette leigast av oss.

Pris

1300,- for 1 tur
1200,- for 2. turen
1100,- for 3. turen

*Pris for deltaking på Midtnattstur til Galdhøpiggen i fullmåne er 1600,-

300,- pr. person for leige av skredutstyr pr. dag

 

Overnatting

Vi kan tilby god pris for overnatting her:
FOSSHEIM HOTELL
Dobbeltrom inkludert frukost, 625,- per person per natt.
Enkeltrom inkludert frukost, 985,- per natt.
Tilboda gjeld berre dersom du bestiller direkte via arrangør eller direkte med Fossheim hotel resepsjon@fossheimhotel.no eller 61 21 95 00.
Ynskjer du å bu nærare fjellet finn de tips til anna overnatting inne på nettsida vår.

Påmelding

Tur kan bookast frå nettsida vår eller du kan rette spørsmål til post@aktivilom.no

Minimum 2 påmeldte per tur for at turen skal verte gjennomført.
Påmelding til post@aktivilom.no
Vi tek atterhald om at vêr- og føreforhald kan gjere det naudsynt å endre turmål.
Om nokon ynskjer turar på andre datoar kan de kontakte oss på post@aktivilom.no