Hopp til hovedinnhold

Prestfosstraversen

På Prestosstraversen er det berre drop-in, ikkje mogleg og booke. Prestfosstraversen er ei spektakulær oppleving du berre må få med deg. 200 meter zipline over brusande elvestryk – midt i Lom sentrum.

Eit heftig svev nedover Prestfossen og elva Bøvra. Det er i stutte trekk det du får om du tek ein tur med zipline i Lom. Men det handlar ikkje berre om eit heftig svev. Om du opnar sansane dine for fullt, er opplevinga større enn som så: Turen med zipline…

Eit heftig svev nedover Prestfossen og elva Bøvra. Det er i stutte trekk det du får om du tek ein tur med zipline i Lom.

Men det handlar ikkje berre om eit heftig svev. Om du opnar sansane dine for fullt, er opplevinga større enn som så:
Turen med zipline startar ved Norsk Fjellsenter, eit ørlite steinkast frå Lom stavkyrkje og Brimibue. Trygge og trivlege instruktørar rettleier deg før du slepper deg nedover.
Sus og snus deg forbi Smak i Lom og det verdskjende bakeriet (du flyg nesten nært nok til å få med deg ein kanelsnurr i svevet), og kjenn Prestfossen stryke deg lett over beina når du flyg under steinbrua.
Er du heldig får du kanskje en dusj på veg over fossen.
Ved enden av ziplinen, like ved den flotte utleggsbrua i sentrum, tek vi mot deg – garantert glad og lykkeleg – og truleg ørlitegrann blaut i håret.
Prestfosstraversen zipline har drop-in i sommarsesongen. Utanom sesong kan grupper bestille.

Frammøte er ved Norsk Fjellsenter, på vestsida av brua midt i Lom sentrum.
Lause gjenstandar bør leggjast att i bilen, i ei lomme du kan lukke eller hjå einkvan som berre ser på.
Legg flipp-floppane att i bilen og ta på gode sko som heng på foten.
Gjestar med kjend hjartesjukdom, ryggproblem, graviditet, nyleg keisarsnitt eller andre operasjonar kan dessverre ikkje køyre ziplinen.
Utfordringar med syn eller førlegheit er ikkje noko hinder, så lenge ein er trygg og motivert for aktiviteten.
Alle køyrer individuelt – også barn.
Du må vera minimum 20 kg tung, men ikkje vega meir enn 120 kilo.

Pris 2022: 235,- for alle

Opningstider 18. juni – 13. aug 2022 10.00 – 17.00

Hausten: Kvar laurdag frå 27.august – 15.oktober 16.30 – 18.00

Welcome to our spectacular zip line over the Prestfoss waterfall!
This activity is only for drop-in, so no booking in advance required.
Show up at the startingpoint and by your ticket to ride!
Open from June 18th to August 13th 10am to 5pm.

Welcome!

+ Les hele beskrivelsen