Grotteturar i Dumdalen

 

I løpet av nokre tusen eller millioner år løyser surt vatn opp marmor som vert vaska bort saman med porøse bergartar, medan dei harde består. Slik oppstår grotter. I Dumdalen, vest for Lom, fins ei rekkje slike fenomen, der dei fleste vart danna under istida for omlag 10 000 år sidan. Her får ein oppleve underlege bergformasjonar, stillheit og kraftig elvebrus om kvarandre.

Turbeskriving

Guiden vår vil treffe dykk ved parkeringsplassen på venstre side av Fv.55 Sognefjellsvegen i retning vest, omlag 1,5 km etter du passerar Bøverton. Tidspunktet avklarast på førehand, vanlegvis kl. 10:00
Han/ho vil dele ut utstyret dykk får låne og som dykk treng under grottevandringa; hjelm og hovudlykter. Kvar einskild ber dette i eigen sekk til og ifrå.
Guiden orienterar kort om dagen ved frammøte og høyrer om det er særlege omsyn som må ivaretakst i løpet av turen. Her vil det t.d. vera viktig å informere om einkvan har medisinske utfordringar som diabetes, astma eller anna.
Saman legg dykk iveg frå parkeringplassen og over vegen i retning sidedalen Dumdalen, der grottene ligg. Anmarsjen plar ta omlag 20-30 minutt avhengig av vêr og deltakarane sine føresetnadar. Undervegs tek dykk nokre korte stopp, ser på geologiske spor i omgjevnadane, får informasjon om nasjonalparken dykk skal inn i osb. Siste del av anmarsjen har litt stigning, men dette er eit kort stykke.
Ved inngangen til den fyrste grotta tek dykk ei lita pause for evt. omkledning, få meir informasjon om det dykk straks skal igang med, korleis me skal oppføre oss i grottene osb. Sporlaus ferdsel og tryggleiken er i førarsetet.
Vanlegvis vil guiden ta dykk inn i Fiskegrotta, Elveskrekken og Jotunhallen, i den rekkjefylgja. Dersom det er tidleg på sesongen kan nokre av grotteinngangane vere dekte av snø enda, og det kan vera behov for å justere korleis ein gjennomførar vandringa. Dykk set att sekkane dykkar utanfor grottene og hentar desse når dykk kjem ut av grotta att.

Tidsbruk

Vanlegvis vil turen vare omlag 3-3,5 time.

Avklar med guiden før avmarsj kva tid dykk eventuelt må vere attende på parkeringsplassen. Etter endt grottevandring tek dykk av utstyret, legg det i sekken og ber dette attende til parkeringsplassen.

Nasjonalparkinfo

Dersom det vert tid og behov for eit måltid er det svært viktig at dette føregår på allereie trafikerte områder i dalen, og at ein ikkje set seg midt ute i vegetasjon/urda. Dumdalen er ein verna del av Breheimen Nasjonalpark og sporlaus ferdsel er eit absolutt på alle våre turar.

Pris

Påmeldingstur: 800,- pr. person, same pris for barn

Privat guida tur: 4500,- for inntil 15 stk.

Oppmøte

Parkeringa ved inngangen til Dumdalen på venstre side vest for bru, omlag 500 meter vest for Bøverton som ligger på RV 55

Påmelding

Vi har faste grotteturar tysdagar, torsdagar og sundagar frå 4.juli  til 8.august
Vil du vera med må tur bookast dagen i førevegen.
Skulle oppsette dagar passe dårleg, ta kontakt med oss så skal vi sjå kva me kan få til.

Deltakarane køyrer eigen bil til Dumdalen (38 km fra Lom).