Guida tur til Galdhøpiggen

Galdhøpiggen, 2469 meter over havet, er Norge og Nord-Europa sitt høgaste fjell – vi tilbyr guida turar til toppen, med start på Juvasshytta 1840 m.o.h.

Turbeskriving

Frå Juvasshytta går turen i lett terreng i omlag ein time opp til Styggebrean, der vi organiserar oss i taulag.
Frå her brukar vi omlag ein liten time over Styggebrean før vi får fast grunn under føtene att. Siste etappe går opp Piggeurdi, dette er den tyngste delen av turen og det er her vi tek dei fleste høgdemeterane. Totalt tek turen opp omlag 3 ½ time og ned omlag 2 ½ time.

Topptur til Galdhøpiggen er ein relativt enkel tur som passar dei fleste, også born ned i 7-årsalderen. Ein bør vera i allminneleg god form og vera vant til å gå turar i kupert terreng.

For tur med barn yngre enn 7 år må ein bestille privat guida tur.

Vi tek på oss guiding av små og store grupper, og vi legg opp turen etter gruppa sine ynskjer og samla behov. Vårt fokus er på dykk som samla gruppe og på å gje dykk ein trygg og flott turoppleving!

Tidspunkt

Vi har faste turadagar til Galdhøpiggen frå slutten av juni og fram til skulestart i august. Vi tek og gjerne turen om du ynskjer eigen guida tur for familien din eller ei anna gruppe utanom desse dagane.

I haustferien veke 40 og 41 set vi opp turar eigna for barnefamiliar – send gjerne førespurnad om dato til post@aktivilom.no
De lyt pårekne omlag 45 min. køyring frå Lom sentrum til Juvasshytta med bil. Vi gjer merksam om at dette er ein bomveg og bomavgifta vert betalt ved Raubergstulen på veg opp. Her kan de nytte bankkort.

Prisar

Påmeldingsturar: 450,- pr. person, same pris for barn

Private guida turar: 6000,- pr. gruppe max. 25 personar

Påmelding

Tur kan bookast frå nettsida vår og spørsmål kan rettast til post@aktivilom.no