Brevandring på Bøverbreen

Bøverbreen og den vakre blåisen er noko ein bør oppleve om ein har høve.

I Lom og Jotunheimen har vi mange ulike brear, og ein bretur kan vera så mangt. Vi har flate brear med lite sprekkar, bratte brear med mykje og store sprekkar og tårn. Dei flate breane kryssar vi gjerne for å nå eit anna turmål t.d. ein topp, dei meir spektakulære brukar vi for opplevinga si skuld.

Turbeskriving

Dykk vil treffe breføraren vår ved parkeringa på nedsida av Krossbu attmed Fv.55 Sognefjellsvegen. Tidspunktet får dykk oversendt saman med booking.

Breføraren har med utstyr som dykk treng på turen; hjelm, sele, isøks, stegjern – alt dette er inkludert i prisen ved booking. Hugs å ha med sekkar som dykk skal bere dette i sjølve inn til og heimat ifrå breen. Etter ei kort orientering om dagen vidare legg dykk i veg den relativt korte og enkle anmarsjen frå parkeringa og inn mot Bøverbreen, omlag 1-1,5t.

Vel framme ved brekanten vert det ei pause medan breføraren legg opp taulaget og seinare ein demonstrasjon i korleis ta på og bruke utstyret de har bore med, på breen. Tryggleiken er i høgsetet alt medan ein er på breen!

Brevandringa tek dykk oppover Bøverbreen, forbi det nedre brefallet og opp mot det øvre brefallet om tilhøve tillet dette. Breen er i konstant beveging og ingen tur er lik.

Tidsbruk

Vanlegvis tek turen omlag 5-6 timar, inkludert anmarsj, pauser og retur. Avklar med breføraren dersom det er behov for å vere attende ved parkering til eit gjeve tidspunkt på førehand.

Etter endt brevandring tek dykk av det lånte utstyret og ber dette attende til parkeringsplassen, breføraren samlar dette inn der.

Nasjonalparkinfo

All ferdsel i naturen skal føregå på ein slik måte at vi forlet den i same tilstand som vi møtte den. Når vi skal opphalde oss i ein nasjonalpark er dette enda meir understreka; vi legg ikkje att noko, korkje søppel eller anna, vil held oss på opparbeidde stiger og råk, vi plukkar ikkje blomar eller flytter på steinar. Bygging av vardar er ikkje tillate! Sporlaus ferdsel er eit absolutt på alle våre turar.

Pris

Påmeldingsturar på faste turadagar: 990,- pr. person, same pris for barn

Privat guida tur utanom oppsette turar: 6000,- for inntil 8 stk.

Oppmøte

Parkeringa på nedsida av Krossbu, ved Fv.55 Sognefjellsvegen.

Påmelding

Vi arrangerar brevandringar på faste dagar frå 2. juli  og fram til og med 7.august 2021 på måndagar, onsdagar, fredagar og laurdagar.

Turen bestiller du seinast dagen før her på nettsida vår. Nedre aldersgrense er 10 år. Max. 8 personar pr. tur.

Alle turdeltakarar køyrer sjølve til Krossbu.