Lom Aktivitetspark

Med ei rekkje aktivitetar for barn i alle aldrar, er Lom aktivitetspark den perfekte staden å stoppe for barnefamiliar på tur.

Lom aktivitetspark er lett å finne. Godt synleg anten du kjem frå aust eller vest. Sikt deg inn mot Lom sentrum, og sjå etter det ruvande klatretårnet like ved Rv15.

Dersom du har parkert i sentrum, eller bur på ein av dei sentrumsnære hotella eller campingplassane, er det lett og snøg å koma seg til aktivitetsparken trygt til fots på fortau.

I Lom aktivitetspark finn du eit stort mangfald av aktivitetstilbod. Klatrepark, gyrotrampoline, nettpark, klatretårn, tråbilbane og sandkasse. Vi tilbyr også utleige av discgolf-utstyr. Eller kanskje vi kan friste deg med eit slag minigolf?

Minigolf

For den som måtte tvile; minigolf er in! Denne retroaktiviteten er umåteleg populær gjennom sommaren, særleg blant dei som berre skal sjå på at barna leiker seg. Eit eineståande høve til å lære poden korleis du gjorde det back in the days.

9-hols bana i aktivitetsparken er ikkje den enklaste – men artig, det er den!

Gyrotrampoline

På gyrotrampolina i aktivitetsparken, kan fire personar hoppe på same tid. Dette er den mest populære aktiviteten for dei yngste.

Gyrotrampolina passar godt for barn ned til 20 kg. Maksimal brukarvekt er 120 kg.

Klatretårnet

Klatretårnet har blitt eit lite landemerke i aktivitetsparken vår. Her finn du faktisk heile 8 klatreløyper med ulik grad av utfordring. Her finn alle noko dei klarar.

Klatretårnet passar godt for barn ned til 20 kg. Maksimal brukarvekt er 120 kg.

Klatrepark

Sommaren 2020 opna vi to heilt nye klatreløyper i klatreparken vår i Lom sentrum. Ei løype for dei yngste og for ferske klatrarar, og ei for dei eldre og meir drevne.

I den nederste løypa klatrar du nærare bakken og med mindre luftige element å meistre undervegs. Har du aldri vore i ein klatrepark før kan dette vera ein høveleg stad å teste ut aktiviteten. Løypa avsluttar med zip-line.

Passar for barn ned i 4-5 årsalder i fylgje med ein vaksen.

I den øvste løypa får du kjenne på høgda. Denne kan vera litt krevjande om du er heilt fersk i aktiviteten. Dei ulike klatre-elementa utfordrar sjølv den tøffaste, før du avsluttar løypa med zip-line.

Passar for barn frå 10 årsalder som har klatra før, i fylgje med ein vaksen.

Nettpark

Dei yngste barna må og få utfalde seg i ein aktivitetspark. Spanande, trygt og samstundes litt høgt over bakken.

Gjennom nett-tunnellar mellom små stolpehytter kan dei yngste få utløp for maur i rompa, utfordre høgdekjensla si og «sjå-på-meg-no-mamma!»

Frå nettparken kan ungane hoppe ned på den tøffe big-jumpen vår. Garantert stor stas! Her brukar ein ikkje sele eller andre sikringsmidlar, og føresette kan vera med eller gå på bakken under.

Passar frå 2 årsalderen og opp til max. 11 år.

Tråbilbane

Tråbilar + grusbane = suksess! Super aktivitet for barn i alle aldrar, og eit godt alternativ til den som ikkje likar seg i høgda.

Vi har fleire ulike typar tråbilar og storleikar som skal høve dei fleste frå 2-3 årsalder.

Discgolf

Ein aktivitet som er i vinden om dagen er discgolf. Har du ikkje prøvd det før, kan det absolutt tilrådast. Lågterskel, sosial og engasjerande aktivitet for heile familien – uansett ferdigheitsnivå.

Sjølve discgolfbana ligg i Bøverdalen, omlag 15 km frå Lom sentrum, men discar leiger du i aktivitetsparken.