Brimibue

Midt i Nasjonalparklandsbyen Lom finn du Brimibue; staden for nyskapande tradisjonsmat og kvile med fossebrus på kjøpet.

Brimibue legg ein merke til. Og så opplev du dei. Solid, men samstundes spennande mat i særeigne omgjevnadar og det trivelegaste vertskapet du kan tenkje deg. Her finn du ikkje nasjonalromantikk men eit moderne, stilreint uttrykk som innbyr til kvile og oppleving.