Nordal turistsenter

Midt i sentrum av nasjonalparklandsbyen Lom finn du Nordal turistsenter, ein tradisjonsrik og erværdig aktør historia om Lom som reiselivsdestinasjon.

Utan å ta for hardt i – det er ikkje mange som har flottare plassering for ei turistbedrift enn Nordal turistsenter!

Nordal turistsenter campingplassen med Lom stavkyrkje i bakgrunnen

Den store og romslege campingplassen strekkjer seg frå Rv.15 i sentrum og nedover langs elva Bøvre, Lomseggje og Lom stavkyrkje kviler i bakgrunnen. Frå her har du gangavstand til alt du treng – aktivitetar, butikkar og restaurantar. Nordal sin eigen spesialitet Bøverdalsbiff og den flotte puben Fjoset bør du få med deg om du kan.

Nordal turistsenter tilbyr alt frå hotellrom, hytter av ulike storleikar til teltplassar og bubilparkering.