Hopp til hovedinnhold

Tur Galdhøpiggen

Galdhøpiggen, 2469 meter over havet, er Noreg og Nord-Europa sitt høgaste fjell - opplev Noregs tak i lag med oss i sommar!

Me tilbjor guida turar til toppen, med start på Juvasshytta, 1840 m.o.h.Frå der går turen i lett terreng i omlag ein time opp til Styggebrean, der me organiserar oss i tauglag. Frå her brukar me omlag ein time over Styggebrean før me får fast grunn under føtene att. Siste etappe…

Me tilbjor guida turar til toppen, med start på Juvasshytta, 1840 m.o.h.Frå der går turen i lett terreng i omlag ein time opp til Styggebrean, der me organiserar oss i tauglag.
Frå her brukar me omlag ein time over Styggebrean før me får fast grunn under føtene att. Siste etappe går opp Piggeurdi, og dette er den tyngste delen av turen og det er her me tek dei fleste høgdemeterane. Totalt tek turen opp omlag 3 ½ time og ned omlag 2 ½ time.

Me har faste turdagar til Galdhøpiggen i sommarsesongen, men tek og gjerne turen om du ynskjer eigen guida tur for familien din eller ei anna gruppe.Førespurnad om privat tur kan sendast til post@aktivilom.no

Topptur til Galdhøpigen er ein relativt enkel tur passar dei fleste, også born. De lyt pårekne omlag 45 min. køyring frå Lom sentrum til Juvasshytta med bil. Me gjer merksam om at dette er ein bomveg og bomavgifta vert betalt ved Raubergstulen på veg opp. Her kan de nytte bankkort.

Oppmøte ved Galdhøpiggen klatrepark sin parkeringsplass kl. 08:30, vegadresse Galdhøpiggvegen 453, 2687 Bøverdalen.

+ Les hele beskrivelsen