Hopp til hovedinnhold

Guiding Randone

Me tilbyr toppskiturar i Jotunheimen frå 30.april og så lengje føret held! Jotunheimen er eit fantastisk område å oppleve på ski om vinteren.

Skisesongen her varer nesten heile året, om ein vil. Frå 30. april og kvar helg i mai, som kanskje er den finaste tida for å ferdast i høgfjellet på ski, har me igjen fastsette turar, både med utgangspunkt frå Krossbu og evt. frå andre stadar. Ein tur med våre erfarne…

Skisesongen her varer nesten heile året, om ein vil. Frå 30. april og kvar helg i mai, som kanskje er den finaste tida for å ferdast i høgfjellet på ski, har me igjen fastsette turar, både med utgangspunkt frå Krossbu og evt. frå andre stadar. Ein tur med våre erfarne fjellførarar på topptur i storslagjen natur kan du trygt føre opp på bucketlista di!

Oppsette turar våren 2022:
Laurdag 30.april Kalven
Sundag 1.mai Storebjørn
Laurdag 7.mai Veslebjørn
Sundag 8.mai Store Smørstabbtinden
Laurdag 14.mai Veslebjørn
Sundag 15.mai Kalven
Sundag 15.mai Midtnattstur i fullmåne til Galdhøpiggen
Tysdag 17.mai Kalven
Laurdag 21.mai Storebjørn
Sundag 22.mai Store Smørstabbtinden

Overnatting må bookast separat – men ta gjerne ein titt på tilbodet frå Fossheim Hotell i Lom sentrum:

FOSSHEIM HOTELL
Dobbeltrom inkludert frukost, 625,- per person per natt.
Enkeltrom inkludert frukost, 985,- per natt.
Tilboda gjeld berre dersom du bestiller direkte via arrangør eller direkte med Fossheim hotel resepsjon@fossheimhotel.no eller 61 21 95 00.

Sjå gjerne facebooksida vår for nærare informasjon om dei einskilde, fastsette turane. De vil der finne informasjon om datoar, turmål, pris og oppmøtetider.
Me kan óg arrangere skiturar eller toppturar utanom dei fastsette, både vinter og vår.

+ Les hele beskrivelsen