Hopp til hovedinnhold

Grottevandring

Grottetur i Dumdalen I løpet av nokre tusen eller millioner år løyser surt vatn opp marmor som vert vaska bort saman med porøse bergartar, medan dei harde består. Slik oppstår grotter. I Dumdalen, vest for Lom, fins ei rekkje slike fenomen, der dei fleste vart danna under istida for omlag 10 000 år sidan. Her får ein oppleve underlege bergformasjonar, stillheit og kraftig elvebrus om kvarandre.

Turen startar med korte avstander, store rom og ljos gjennom opningar i fjellet. Etter kvart auker lengda, romkjensla vert redusert og det einaste ljoset me har er frå hovudlykta på hjelmane våre. Dumdalen er ein idyllisk dal med svært rikt planteliv som fylgje av den kalkrike grunnen. Så om nokon…

Turen startar med korte avstander, store rom og ljos gjennom opningar i fjellet. Etter kvart auker lengda, romkjensla vert redusert og det einaste ljoset me har er frå hovudlykta på hjelmane våre. Dumdalen er ein idyllisk dal med svært rikt planteliv som fylgje av den kalkrike grunnen. Så om nokon trivst best på overflata vil dei framleis ha ein flott tur.
Deltakarane køyrer eigen bil til Dumdalen (38 km fra Lom).
Oppmøtetid: 09:50

Pris: 800,- per person

Me har faste grotteturar tysdagar, torsdagar og sundagar frå 12.7. til 2.8.2020
Må bookast før klokka 18.00 kvelden før.
Skulle oppsette dagar passe dårleg, ta kontakt med oss så skal me sjå kva me kan få til.
Oppmøtested: Kl 09:50 ved parkering ved inngangen til Dumdalen på venstre side vest for bru, omlag 500 meter vest for Bøverton som ligger på RV 55

+ Les hele beskrivelsen