Hopp til hovedinnhold

Brevandring

Ein dag på blåisen på Bøverbreen kan vera eit minne for livet. Om du ynskjer å få nærkontakt med blåisen så arrangare me turar fyrst og fremst på Bøverbreen, som er en fin brearm av Smørstabbreen som ligg midt i hjartet av Jotunheimen.

Brevandring i Jotunheimen treng ikkje vera ein slitsam tur, for her kan vi leggje opp turen etter gjesten sitt nivå. Heile poenget med brevandring i blåisen er å oppleve noko, ikkje å koma lengst mogleg på kortast mogleg tid. Me kan óg ta på oss guiding på andre brear. På…

Brevandring i Jotunheimen treng ikkje vera ein slitsam tur, for her kan vi leggje opp turen etter gjesten sitt nivå. Heile poenget med brevandring i blåisen er å oppleve noko, ikkje å koma lengst mogleg på kortast mogleg tid. Me kan óg ta på oss guiding på andre brear. På brevandring kosar me oss, ser på sprekkar, grotter og tårn i isen. Mange har sikkert lyst til å krabbe gjennom istunellar, verte firt ned i ein sprekk eller klatre med isøkser i ein isvegg.

I Lom og Jotuneheimen har vi mange brear, og ein bretur i Jotunheimen kan være så mangt. Me har flate brear med lite sprekker, og bratte brear med mange sprekker og tårn. De flatere breane vert ofte gått på for å nå ein fjelltopp, medan dei meir spektakulære breane vert brukt til opplevingar.

Ein tur på Bøverbreen frå Krossbu eller Sognefjellshytta tek omlag 5-6 timer. Av dette bruker me omlag 1-1,5 time inn til brean, og ein time attende til veigen. Oppmøte er ved parkeringen nedanfor Krossbu kl 0940.

+ Les hele beskrivelsen