Bøverdalen vandrerhjem

Bøverdalen vandrerhjem ligg rett ved Fv.55 som går gjennom Bøverdalen, mot Sognefjellet og er eit flott utgangspunkt for deg som skal på topptur, sommarski eller som berre vil sjå og oppleva levande bygder i fjell-Norge!

 

Med elvebrus frå Bøvra skulle kvila vere sikra og du vaknar utkvild og opplagd for det dagen skulle by på, anten det er fottur, skitur, sykkel eller ei ny etappe med bil. Bøverdalen vandrerhjem tilbyr både overnatting i trivelege rom med tilgang til kjøken, dusj, vask og toalett på gangen eller campinghytter av ulik storleik, bubilparkering og teltplass utandørs. Coop Marked Bøverdalen ligg berre 50 m unna.

Alle hyttene har eigen kjøkenkrok og WC, og dei fleste har tilgang til dusj. Du finn dyner og puter i sengene, sengeklede kan leigast.

Campinggjestar elles får tilgang til strøm, sanitæranlegg og tørkerom.

I tillegg har dei skistall med 4 smøreboder og plass til oppbevaring.

Nytt for sesongen 2021 er 2 ladepunkt for elbilar!