Strind gard

På Strind gard har Anne Jorunn og Trond teke mot gjestar fra heile verda sidan 1975. Her kan du slappe av med ei bok på ein av dei mange sitjeplassane ute og høyre suset fra Vittingje. Garden driv aktivt med sauehald og gamle tradisjonar blir haldne vedlike.

På Strind gard finn du overnatting som dekkjer dei fleste behov; frå mindre og koslege kryp-inn under låvebrua til større hytte eller leilegheit. Her kan du til og med leige ei gamal seter i Visdalen, for eit heilt spesielt opphald.
Dei bue-einingane som ikkje har eige anlegg (unnateke seterhuset) har tilgang til fellesanlegg med fullt utstyrt kjøkken, 2 separate bad med dusj/wc og badstugu.
Gratis trådlaust Internett har dei og.

Strind gard hage og fjellgrov i bakhagen
Foto: Anne Jorunn Dalsegg/Strind gard

Skal du på fjelltur eller reise i området får du nyttige råd frå Anne Jorunn og Trond; Lom har mykje å by på, og dei kan hjelpe deg så du får ei god oppleving medan du er der.