Raubergstulen turisthytte

På Raubergstulen,ein gamal seterstul ved foten av Galdhøpiggen, finn du Raubergstulen turisthytte. Eit flott utgangspunkt for mat ,kvile, aktivitet og opplevingar i Jotunheimen.

Med ei formidabel utsikt utover både Jotunheimen og Breheimen ynskjer familien Mundhjeld dykk varmt velkomne til Raubergstulen og til fjells – 1000 meter over havet.

På Raubergstulen kan dei tilby både rom, hytter og teltplass for kvila, matopplevingar frå naturen ikring og aktivitetar med naturen som arena.

Om du har planar om å besøkje Galdhøpiggen Klatrepark er dette ein flott stad å bu – berre 50 meter unna!